Bilde 1 av 5 Av:  Skredaktivitet Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Eit flakskred /glideskred som har gått ein av dei siste dagane. Fleire sprekker i det same området.
Bilde 2 av 5 Av:  Vær Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Overskya og grått mot vest.
Bilde 3 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Tydeleg meir vindpåvirka snøoverflate frå ca 7-800 moh
Bilde 4 av 5 Av:  Snødekke Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Skispora føykar igjen på få minutt
Bilde 5 av 5 Av:  Vær Opphavsrett:  brit-siv@obskorps Kommentar:  Vekslande sikt, vind og snøfokk i høgfjellet
Faretegn
• Fersk vindtransportert snø • Område: Fylket/varslingsregion. Beskrivelse: Vind frå sør til søraust, snøfokk langs bakken også i lågareliggande opne områder
Skredaktivitet
• 21. mar. I løpet av dagen (+01:00) • Våte løssnøskred • Flere (6-10). 2 - Middels. Naturlig utløst • Noen bratte heng. SØ, S, SV. Under 1100 moh • Laurdag var det noko skredaktivitet i bratt sørvendt terreng, pga soloppvarming. Usikker på om det var noko dagsferske skred i dag. Men såg nokon flakskred i bratt nordvendt terreng ved Olahansen (str. 1-2)som er frå dei siste 2-3 dagane dagane, det eine med løsneområde på sva.
Vær
• Snø • -1 °C • 12 m/s fra S ↑ • 100% skyer • Etter ein flott dag laurdag med sol og kun litt vind på toppane, skya det til seint på ettermiddagen. Søndag overskya oppholdsvær på formiddagen. Periodevis litt snø i lufta på ettermiddagen. Kraftig vind med moderat snøfokk og varierande sikt over skoggrensa. I opent terreng vind og snøfokk langs bakken også nede i dalen på 500 moh.
Snødekke
• 160 cm • Moderat snøfokk • 1 cm • Nysnøgrense på 200 moh. Snøgrense på 300 moh • Vindpakket myk • Tørr • Tynt snødekke frå ca 2-300 moh. Frå 500 - 600 moh generelt mykje snø. I terreng som ikkje har vore solpåvirka og ligg i le for vinden, har snødekket som var fuktig torsdag tørka ut, og det er begynnande omvandling mot overflatekantkorn. Frå 7-800 moh varierande snøoverflate frå vindpakka mjuk til bærande fokksnø, og avblåst ned på gammal skare på vindutsatte ryggar. Laurdag var det store rimkrystallar i overflata, spesielt over 1000 moh, men såg ikkje ut til at den er bevart over store områder etter kraftig vind i dag.
Tester
• LBT@13cm(Q1) • Øverste laget løsnar ved lett klapping. Resten av snøpakka har gode bindingar, og fekk ingen brudd.
Snøprofil
• 1 test knyttet til snøprofilen • Vedvarende svakt lag: tynt lag, under flak, grunt • 9 temperaturpunkter observert
Skredproblem
• Tørre flakskred • Nedføyket svakt lag med nysnø • Innen en halv meter • Det svake laget bryter både lett og glatt. Laget der bruddet skjer er tynt < 3 cm. Det overliggende laget er mykt. Stor, tydelig gjenkjennbar krystall i det svake laget. • Lett å løse ut • 2 - Middels • Noen bratte heng N, NØ, Ø, V, NV over 700 moh
Skredfarevurdering
• Det er i områder med fersk innblåst snø etter vindauke i dag det finst ustabile nysnøflak, som vil være lett å løyse ut små til mellomstore flakskred. Enkelte stader kan det finnast lommar av nedføyka rim, men ser ut som vinden har øydelagt mykje av rimlaget som låg i overflata i går, slik at det er begrensa omfang på dette. Fokksnøen frå tidleg i veka har fått stabilisert seg etter fleire dagar med roleg vind og lite ny pålagring. • Det er fortsatt laussnø tilgjengeleg for vindtransport, som vil oppretthalde skredproblemet med ustabile nysnøflak. Ved ny nedbør i kombinasjon med kraftig vind tirsdag vil dette auke skredfaren. • 2 Moderat • Varslet faregrad er riktig